Laurdag kveld vart det meldt om fem nye positive koronaprøver i Giske kommune.
Ein positiv hurtigtest på ein nærkontakt. Det er kjent smitteveg og smitten er Ikkje generert til fleire nærkontaktar.
Ein positiv hurtigtest av ein tilsett i ein barnehage i kommunen. Eitt barn som er tilknytta same barnehage og to andre i same familie har testa positivt. Det er utført smittesporing og nærkontaktar er informert.
Giske kommune minnar om at teststasjonen er open søndag frå kl 13.30 – 15.00.
Publisert 29.08.2021 12.49