Eit tilfelle av det indiske-muterte korona-viruset er oppdaga i Giske kommune.
Personen kom til Giske frå utlandet i veke 15. Vedkomande vart testa positivt ved innreise og straks sett i isolasjon. Seinare analyser viste at vedkomande var smitta av den indiske varianten av Covid-19.
Det er no over ti dagar sidan personen avla positiv test, og ingen ting tyder på at smitten er ført vidare til andre.
- Rask testing og isolasjon gjer at vi meiner at vi har denne situasjonen under kontroll, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen i Giske. – Den smitta vart svært raskt sett i isolasjon og hadde ikkje kontakt med andre.
Publisert 29.04.2021 19.11