Gerd-Alice Blindheim Reserver tid ReguleringsplanerSjå FAQ lengre ned på sida for meir informasjon. E-post : gerd-alice.blindheim@giske.kommune.noTelefon: 98066777 Nøkkelinformasjon Ofte stilte spørsmål Korleis avtale møte med saksbehandler? Dersom du har funne den saksbehandleren du vil å snakke med, trykk på "Reserver" for å sjå i kalenderen til saksbehandleren om kva tid dei har ledig tid. Velg det ledige tidspunktet som passer deg best. Velg om du vil ha telefonmøte, nettmøte eller møte opp fysisk på kontoret. Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert som du kan, slik at saksbehandleren kan være forberedt til møtet. Forespørselen blir sendt direkte til saksbehandler. Du vil få ein bekreftelse på om ønska tidspunkt er godtatt eller ikkje på mail fra saksbehandler i etterkant. Trenger du lenger møte enn oppsatt tid? I høgre felt som heiter "Reservasjonen min" vil du sjå eit valg som heiter "Endre tidspunkt" Her kan du både utvide og korte ned den fastsatte møtetida. Korleis fungerer eit nettmøte? Du kan velge nettmøte i registreringsskjemaet. Du treng ikkje ha lisens for Teams eller andre tenester for å delta i nettmøte. Møte vil fungere slik: Du bestiller nettmøte i registreringsskjemaet og oppgir ei epostadresse du er tilgjengelig på. Saksbehandler sender deg ei lenke på epost før møtet som gir deg tilgang til eit Teamsmøte. (Sjå bilde) For å delta i teamsmøte treng du ein PC eller nettbrett/mobil med fungerende lyd og mikrofon. Test at lyd og bilde fungerer før møtet starter. Klikk på den tilsendte lenka når møtet skal begynne og velg "åpne i nettleser" dersom du ikkje har teams installert. Saksbehandler slepp deg inn i møtet når dei er klare. Saksbehandler nytter kamera under samtalen. Dersom du har kamera er det heilt frivillig men hyggelig om du også vil nytte det under samtalen. Kan eg bestille møte via telefon? Ja, i registreringsskjema kan du velge om du ønsker å avtale møte via telefon, nettmøte via teams eller ved å møte opp personlig. Dersom du ønsker telefonmøte vil saksbehandler ringe deg opp på gitt tidspunkt. Husk å oppgi ditt telefonnummer i registreringsskjemaet. Vi anbefaler å bestille telefonmøte i staden for å ringe saksbehandler uanmeldt. Bestiller du telefonmøte så er saksbehandler forberedt på saka di og kan gje deg bedre og meir konkret hjelp når du ringer. Kan eg velge å bestille eit lengre eller kortare møte enn det skjemaet viser? Ja det er mulig. Dersom feks saksbehandler har satt opp 1 time som standardmøtetid så kan du velge kortere eller lengre tid. Skal du velge lengre tid så forutsetter det at saksbehandler har ledig tid i heile den tida du ønsker møte. Slik utvider eller minker du møtetida: 1. I dette eksemplet har saksbehandler 30 min som standard møtetid. 2. Velg eit ledig tidspunkt som du ser har nok ledig tid etter det valgte tidspunktet til den møtetida du ønsker 3. Velg "Endre tidspunkt" og velg sjølv kva tidspunkt du ønsker møte 4. Når saksbehandler godkjenner møtet vil du få bekreftelse på epost. Ofte stilte spørsmål i mitt fagområde Kva er ein reguleringsplan? Reguleringsplan inneheld eit juridisk bindende arealplankart med tilhøyrande føresegner for planområdet, som fastset bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader. Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering, jf. PBL § 12-2, eller detaljregulering, jf. PBL § 12-3. Områdereguleing For område der arealdelen stiller krav om områderegulering, eller der det er trong for meir detaljerte områdevise avklaringar av arealbruken. Utarbeidast av kommunen. Kommunen kan likevel overlate til andre mynde og private å utarbeide forslag til områderegulering. Områdereguleringsplanar går til formannskapet før vedtak i kommunestyret. Detaljregulering Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremme forslag til detaljregulering. Reguleringsplan skal utarbeidast av fagkyndige. Må følge opp hovedtrekk og rammer i kommuneplanen sin arealdel og foreliggande områdereguleringar. Detaljreguleringar går gjennom teknisk utval før godkjenning i kommunestyret. Kor finn eg reguleringsplaner? Planregister I planregisteret ligg både vedtatte arealplaner og planer under arbeid. Ved å søke på plannavn eller planid, finn du informasjon om planen. I vedtatte planer finn du blant anna plandokumenta og plankartet. Kartløysing Ein kan og finne plandokument og plankart via publikumskartet: Opne kartet Velg ønska kartlag ("Reguleringsplan") Klikk i planens område på kartet Klikk "Vis planinformasjon" Ein kan her også finne planer som er under arbeid (velg da kartlaget "Reguleringsplan forslag"). Korleis bruke kartet Innsynsportal For andre dokument, kan ein søke i innsynsportalen. Korleis ser ein planprosess ut? Vanleg reguleringsprosess Planinitiativ og førebels planområde Seinast samtidig som forspurnad om oppstartsmøte skal forslagstiller sende planinitiativ til kommunen. Kommunen skal også ha tilsendt avgrensing av førebels planområde (i sosi-format). Les meir om planinitiativ i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven. Oppstartsmøte og oppstart av planarbeid Oppstartsmøte «Når forslagsstilleren er en annen enn planmyndigheten selv, skal planspørsmålet først legges fram for planmyndigheten i møte» (PBL §12-8). Før møtet skal kommunen ha mottatt planinitiativ og planavgrensing (sosi-fil). Kommunen skriver referat frå møtet og sender til forslagsstiller. Vedtak om oppstart I Giske kommune vedtar Teknisk utval oppstart av plansaker før det varslast oppstart av planarbeid. Her vurderer også kommunen om planen utløser krav om planprogram og KU. Varsling og kunngjering av oppstart Dersom kommunen tilrår oppstart av planarbeidet, skal berørte offentlige organer og andre interesserte varsles. Forslagsstilleren skal kunngjøre oppstart av planarbeidet i minst ei avis som er alminnelig lest på stedet. Annonsetekst sendast til Giske kommune (merka med saksnr), slik at kommunen kan legge det ut på kommunen si nettside. Registrerte grunneiere og festere i planområdet, og så vidt mogleg andre rettighetshavere i planområdet, samt naboer til planområdet, skal når dei blir direkte berørt, på hensiktsmessig måte underrettes om at planarbeidet tas opp. Dersom det er krav om planprogram, sendast dette ut på høyring og offentleg ettersyn normalt samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Frist for å gi uttalelse skal vere minst seks uker. Les meir i forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven og i plan- og bygningslova. Utarbeiding av planforslag Forslagsstiller utarbeider planforslag på bakgrunn av rammer og føringer fra kommunen, og innspill som har kome i varslingsperioda. Det er særskilde krav til innhald og kvalitet. Planforslaget skal sendast inn til kommunen sin administrasjon som går gjennom det innsendte materialet og førebur saka for politisk behandling før offentleg ettersyn. Høyring og offentleg ettersyn Vedtak om høyring og offentleg ettersyn No ligg det føre eit konkret forslag til reguleringsplan. Planforslaget behandlast av teknisk utval som enten vedtar å legge forslaget ut til høyring og offentleg ettersyn, eller om det skal endrast eller avvisast. Høyring og offentleg ettersyn Planforslaget blir annonsert og gjort tilgjengeleg for alle på Giske kommune sine nettsider. Kommunen varslar alle råka, og det er no moglegheit for å kome med innspel/merknadar til planen. Eventuelle merknadar og innspel sendast til Giske kommune innan merknadsfristen. Vedtak av plan Etter høyringsfristen, vurderast inkomne merknader og det gjerast evt justeringar i planforslaget. Planen skal deretter vedtakast av teknisk utval før den går til kommunestyret for eigengodkjenning. Kommunestyret vedtar reguleringsplanar. Gjennom ein vedtatt reguleringsplan blir arealbruken gjort bindande. Den politiske behandlinga av planar kan følgast i innsynsløysinga på Giske kommune sine heimesider. Her finn du den politiske møtekalenderen (teknisk utval, kommunestyret) eller du kan søke i politisk saker. Juridisk bindande dokument: Plankart Føresegner Når ein plan blir vedtatt, vil dette varslast. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen kjem fram i varselet. Reguleringsplanar i Giske kommune Forenkla planprosess (mindre reguleringsendring) Ved endring av ein reguleringsplan, der endringane i liten grad vil påverke gjennomføringa av planen, ikkje går utover hovedrammene i planen, og heller ikkje råkar omsynet til viktige natur- og friluftsområder (jf. pbl § 12-14 andre ledd), kan planendringa utførast gjennom ein forenkla planprosess. Før det vert gjort slikt vedtak, skal saka foreleggast råka mynde, og eigarar og festere av eigedommer som direkte råkast av vedtaket, og andre råka, skal gjevast høve til å uttale seg. Prosessen og sakshandsaminga er mindre omfattande enn i ein vanleg reguleringsprosess. Kva koster sakshandsaminga/saksbehandlinga? Lenke til Giske kommune sine gebyr- og betalingssatsar