Alternative måtar for å utarbeide og dele ut nabovarsel
Det er alternative måtar å utarbeide og dele ut eit nabovarsel på. Først må du velje rett nabovarselsskjema for ditt tiltak.
Du finn relevante skjema her: Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)
Vel skjema for nabovarselet
Enkelt nabovarsel
|
Kan brukast kun når det vert søkt om:
-
Tilbygg med bebygd areal (BYA) mindre enn 50 m²
-
Frittliggande bygningar med BYA mindre enn 70 m²
-
Landbruksbygg (fjøs, hønsehus) med BYA inntil 1 000 m²
-
Oppføring av mellombels bygning som skal stå i eit tidsrom frå 2 mnd. til 2 år
|
Ordinært nabovarsel
|
Skal brukast i alle saker der ein ikkje kan nytte «enkelt nabovarsel» som vist over
|
Utarbeid nabovarselet
Fyll ut skjemaet for nabovarsel (enkelt eller ordinært), sett på dato og signér.
Kvar nabo skal ha ein kopi av signert skjema samt kopi av følgande vedlegg:
-
Situasjonsplan
-
Fasadeteikningar
-
Snitt – teikning
-
Terrengprofil
Naboane treng ikkje få framlagt planteikningar, då planteikningar er vurdert som ikkje relevante for nabo.
Del ut nabovarselet
Nabolista definerer kva naboar og gjenbuar som skal varslast. Viss det er det fleire eigarar/festarar (leigetakarar) av ein eigedom, må alle få eige varsel. Naboliste finn du på Giske e-torg.
Du må dokumentere at nabovarsel har blitt delt ut til kvar nabo i nabolista. Dette gjer du ved å bruke kvitteringslista under.
Du kan nå levere ut nabovarsel på ein av følgande måtar:
eNabovarsel
inne på etorget
Personleg overlevering
Fyll ut kvitteringslista før du går til naboane. Lever nabovarselet og be om signatur for mottatt nabovarsel. Viss nabo ikkje har innvendingar på byggeplanane dine, kan nabo samtidig signere på at han/ho samtykker til byggeplanane dine.
Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel.
Alle samtykker kan søknad leverast inn
Kvitteringslista med signaturar frå alle naboane skal leggast ved den formelle byggesøknaden
E-post
Send nabovarselsskjema og alle vedlegg i ein e-post til nabo. Skriv i e-posten at du ønsker tilbakemelding på at e-posten er mottatt. Tilbakemelding på at e-posten er mottatt vil fungere som kvittering på at nabovarsel er sendt. Automatisk e-post bekreftelse er ikkje gyldig kvittering. Du kan også be nabo om samtykke til byggeplanane.
Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, men fristen startar ikkje før e-post er bekrefta mottatt av nabo.
Kvitteringslista med kopi av tilbakemelding om mottatt e-post (og evt. samtykke) skal vedleggast den formelle byggesøknaden.
Rekommandert post
Nabovarsel kan sendast rekommandert i post. Fyll ut kvitteringslista før du går til Posten. Når du er hos Posten, be om kvittering (klistremerke) for kvar nabo som mottar nabovarselet som rekommandert post. Husk også å be Posten om datostempel nederst på kvitteringslista. Kvitteringslista med klistremerke og datostempel frå Posten skal vedleggast den formelle byggesøknaden.
Nabo har 14 dagars frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel.