Vurdering av arealinnspel til kommuneplanarbeidet

Den 15. desember 2025 og 19. januar 2026 fekk Formannskapet framlagt alle inkomne arealinnspel etter oppstart av  arbeid med kommuneplanen sin arealdel og høyringa av planporgrammet. I tillegg blei det lagt fram arealinnspel frå administrasjonen og arbeidet med “planvask” og natursats.  Innspel som Formannskapet vedtok å ta vidare i arbeidet kjem fram av kartoversikta som er lenka til her: giskekommune.github.io/Resultat_arealinnspel_formannskapet/. Exelark med alle arealinnspel er også oppdatert med resultatet etter formannskapet: arealinnspel_04.02.2026_resultatFormannskap2526.pdf (PDF, 128 kB).

Det vart og vedtatt at innspel knytt til VA- og vegformål skal leggast til grunn for vidare arbeid med arealdelen: Arealbehov (avløpsanlegg)

Møtedokumenta finn du her: Møtekalender - Hovedportal (sak 123/25) og her: Møtekalender - Hovedportal (sak 005/26)

 

Andre innspel enn endringer i arealformål vil bli behandla på eit seinare tidspunkt. 

Innspela går no vidare til KU (konsekvensutgreiing) og ROS (risiko- og sårbarheitsanalyse).

Neste steg i prosessen er utarbeiding av planforslag. Når kommunen har laga ferdig planforslag og vedtatt høyring av planforslag, vil dette leggast ut på høyring og offentleg ettersyn. Det vil då bli annonsert kommunen sine plattformer og i avis. I høyringsperioda tek kommunen imot innspel.

 

For spørsmål vedr. kommuneplanen kan du kontakte planavdelinga:

Fride Schølberg Sortehaug – mob 90 55 09 14 / fride.schjolberg.sortehaug@giske.kommune.no
Gerd-Alice Blindheim – mob 98 06 67 77 /  gerd-alice.blindheim@giske.kommune.no