Vurderer eit samla miljøselskap av ÅRIM IKS og Bingsa gjenvinning AS

Kommunane Vestnes, Fjord, Sula, Giske, Sykkylven, Stranda og Ålesund er i samtalar om å etablere eit felles framtidsretta miljøselskap som skal vere ein førande aktør og rollemodell i avfalls- og gjenvinningsbransjen.
 

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

 

- Samla sett sit regionen på stor kompetanse og ressursar innanfor avfalls- og gjenvinningsområdet. Ei samling av desse ressursane i eitt selskap kan sikre at regionen utnyttar dei store  mogelegheitene som ligg i avfall som ressurs, seier ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal .

Det overordna målet er at ein også i framtida skal sikre gode og effektive tenester til innbyggarane til ein akseptabel pris. Lokal verdiskaping er óg eit sentralt element, og ikkje minst vil ei samla organisering bidra til reduserte klimagassutslepp, og auka gjenvinning- og gjenbruksgrad.

I første omgang skal ein intensjonsavtale forankrast i kommunane i løpet av juni.

- Føremålet med intensjonsavtalen er å stadfeste kommunane sitt felles ønske og vilje til å etablere eit framtidsretta miljøselskap gjennom ei samling av ÅRIM IKS og Bingsa Gjenvinning AS, seier Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda.

Intensjonsavtalen inneheld ei oppsummering av dei viktigaste vilkåra partane er einige om og som skal danne grunnlag for vidare forhandlingar.