Vil styrke tiltak og auke merksemd rundt vald i nære relasjonar
Handlingsplanen mot vald i nære relasjonar skal handamast i kommunale råd og utval samt takast opp til behandling i kommunestyret 17. juni.
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar er resultat av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Sunnmøre og skal i løpet av våren opp til politisk behandling i dei ulike kommunane. I Giske kommune skal planen fyrst behandlast i dei aktuelle råd og utval, før den skal til endeleg behandling i kommunestyre den 17.06.2021.
Kommunane har ansvar for å legge til rette for at tenestene har kompetanse på å førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep. Når vald blir avdekka skal tenesteapparatet kunne bidra med rett hjelp til rett tid, og ha eit godt samarbeid med aktørar også utanfor dei kommunale tenestene.
Med denne felles handlingsplanen set alle kommunane på Sunnmøre arbeidet mot vald i nære relasjonar på dagsorden. Målsettinga er at tiltak og auka merksemd på vald i nære relasjonar vil bidra til å styrkje det førebyggjande arbeidet og gi rett hjelp ved behov.
Innspel og kommentarar til planen kan sendast til
Giske kommune ,Valderhaugstrand 4, 6050 Valderøya eller nytt denne lenka:
postmottak@giske.kommune.no innan 14.05.21
Les planen her. (PDF, 11 MB)
Publisert 28.04.2021 10.53