Vi søkjer frivillige instruktørar til “Sterk og stødig” -helsefremjande og førebyggjande treningsgrupper for seniorar!

Vi søkjer etter personar som har interesse for og lyst til å lede treningsgrupper for seniorar. Målgruppa for treninga er seniorar som opplev endringar i bevegelsesfunksjon og ustøheit i enkelte situasjonar, men som er i stand til å gå innandørs utan hjelpemiddel.   

Treninga gjennomførast ein gong per veke og følger skuleruta (ikkje treningsgruppe i skuleferiane). Det er ønskeleg med fleire instruktørar pr gruppe slik at ein som instruktør held gruppa annakvar veke og/eller at ein kan vere to instruktørar saman om ein ønsker det. Blir det nok frivillige instruktørar kan det forhåpentleg bli ei “Sterk og stødig” treningsgruppe tilknytta kvar øy i kommuna.  

Aktuelle instruktørar vil få opplæring i form av eit tre dagers kurs av fysioterapeut her i kommuna. Instruktørane vil bli fulgt opp av kommuna sin "Sterk og stødig-veiledar" som er fysioterapeut. 

Treningsgruppene er eit ledd i satsninga på førebygging av funksjonssvikt og fall. 

Ved interesse, ta kontakt med: Ellen Vartdal Håvoll, tlf 41702349, epost: ellen.vartdal.havoll@giske.kommune.no