Vi ser dere

Dei tilsette i skule og barnehage har i lang, lang tid stått i ein svært krevjande arbeidssituasjon. No når vi trudde vi såg ei betring slo viruset til igjen for fullt.

 

Giske kommune har no eit stort smittetrykk og eit sterkt press på tenestene. Dette gjeld også alle dei i våre helsetenester og dei som arbeider med smittevern. Vi ønskjer å gi ei tilbakemelding på at vi ser den tøffe situasjonen og det krevjande arbeidet dere står i. Stort sjukefråver gjer også belastninga ekstra stor på dei som blir igjen. Giske kommune legg no planar for jule- og nyttårshelga. Det er krevjande å få nok folk til å fylle opp turnusar, men vi skal klare å kome i mål. Vi er veldig takksame for arbeidet alle dei tilsette legg ned for å levere gode tenester. Dette er ei krevjande tid som vi håper vi snart ser slutten på.

Helsing ordførar Harry Valderhaug og kommunedirektør Dag Olav Tennfjord