Vedtak av ny reguleringsplan for Vigra skule
Ny reguleringsplan for Vigra skule og idrettshall blei eigengodkjent av Giske kommunestyre den 14. november (k-sak 098/24). Plandokumenta er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister: arealplaner.no | 2024001 > Plandokumenter.
Vedtaket blei gjort med heimel i plan- og bygningslova §12-12. Varsel om eigengodkjent plan sendast offentleg mynde, rettshavarar, grunneigarar og naboar. Vedtaket er og kunngjort i Øy-blikk.
Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som klageinstans, jf. pbl §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova (fvl) kap. VI. Eventuelle klage skal vere grunngjeven og sendast til post@giske.kommune.no eller til
Giske kommune
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Hugs å oppgi k-sak-nummer. Frist for å klage er 3 veker frå det tidspunkt underretninga om vedtaket er kome fram til vedkommande part, jf fvl §§ 39-31.
Sjå planen her: arealplaner.no | 2024001 > Plandokumenter
Sist endra 21.11.2024 11.26