Vart takka av på kommunestyremøte

Kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen og Ruben Lie Monsen vart begge takka av under Giske kommunestyre sitt siste møte før sommarferien.

 

 Kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen sluttar formelt i jobben i Giske kommune i byrjinga av  august. Ordførar Harry Valderhaug takka henne for det gode samarbeidet og innsatsen ho har gjort for Giske kommune. Han roste også det konstruktive arbeidet.

«Vi har lagt bak oss ei tøff tid både økonomisk og med knappe rammer i tenestene. Det har vore krevjande. Etter at du hadde vore i jobben i eitt år blei vi kasta inn i koronapandemien med nærmast  unntakstilstand den første tida. Du har leia dei tilsette og beredskapsleiinga på ein veldig god måte. Så er det alltid noko som skulle ha vore betre, men vi har stått i dette saman , du og dine, og det er sett igong mange tiltak i drifta i denne tida. Måten dette er takla på har vore fenomenal. Også tilbakemeldingar frå Statsforvaltaren og andre har vore gode. Du har lykkast spesielt godt med formidling og kommunikasjon i denne tida. Takk for at du har stått på», sa ordførar Harry Valderhaug.  

Krf-politikar Ruben Lie Monsen flyttar og ba om fritak frå sine politiske verv. Ordførar Harry Valderhaug takka han spesielt for innsatsen som engasjert politikar og sa at han vil bli sakna.