Vaksinering av 16 og 17-åringar

Det er no opna opp for vaksinering av dei som er født i årskull 2004 og 2005. Dei kan no bestille time til vaksinering.  

Fingrar som held ei sprøyte som stikk inn i eit koronavirus. - Klikk for stort bilete

 

Ein bestiller digitalt for vaksine via helsenorge.no. Når ein logger inn vil ein kunne velge mellom tre timebøker. Ein kan bestille time på alle tre. Din angitte time vil vere knytt opp mot fastlegen sitt namn. Timen gjeld framleis vaksinering.

Om du ikkje har fastlege her i kommunen, eller har fastlege Sandra Havnegjerde kan du kontakte legekontoret via heimesida deira. Trykk på legetime ikonet - velg annet eller send sms til 2097; GISKELEGE fødselsdato, ditt navn, kva det gjeld.

Det er anbefalt eit intervall mellom første og andre dose på 8-12 veker. Denne skal ein også bestille digitalt når det nærmar seg.