Utstilling og konsertar på Nittennullni i april

Kunstnarfellesskapet på Nittennullni har fått grafikkpresse og markerer dette med å lage utstillinga Spor. Utstillinga har fokus på grafikk med innslag av litt teikningar og de kan oppleve den i galleriet på Nittennullni.

 

Arbeida er laga av fem av dei som held til i huset: Siv Sundnes, Elin Margrethe Reitan Sundnes, Marthe Spjelkavik Nordset og Trine Røssevold.

Utstillinga inngår i det nye prosjektet Friminutt der du kan både gå på kunststilling og konsert i same besøket. Det blir arrangert tre konsertar under Friminutt, der ein kan høyre Dag-Filip Roaldsnes med prosjektet «Ruby, my dear», samt bandet til trompetist Maren Pernille Vartdal Skjong «Tre over kvart på fem».

«Ruby, my dear» er Dag-Filip Roaldsnes sitt nyast jazzprosjekt. Her inviterer han med seg gjestane Håkon Hagen Knudsen (saksofon) og Lars Martin Vik (kontrabass) for å improvisere, leike og spele nokre av sine favorittar frå den afro-amerikanske jazzmusikken. Spontanitet, fridom i improvisasjonane, og kjærleik til denne musikken er det som møter publikum under desse konsertane.

Trompetist Maren Pernille Vartdal Skjong tek med seg sitt nye band «Tre over kvart på fem» til Nittenullni. Dette bandet har sitt utspring frå Ålesund vidaregåande skule og består av Maren Pernille Vartdal Skjong-trompet, Lars Viljo Fauske-fele, Martin Flataker- piano, Helene Velle Ødegård-tuba og Eirik Lervåg Sæther-trommer. 

Opningstider:

Fredag 1.april kl 19.00 - 22.00  (konsert kl.20.00 Dag-Filip Roaldsnes «Ruby, my dear» gjest: Håkon Hagen Knudsen)

Laurdag 2.april kl 16.00 - 20.00

Søndag 3. april kl 16.00 - 20.00 ( konsert Kl.18.00 Dag-Filip Roaldsnes «Ruby, my dear» gjest: Lars Martin Vik)

 Fredag 8.april kl 19.00 - 22.00

Laurdag 9.april kl 16.00 - 20.00 ( konsert kl.18.00 «Tre over kvart på fem» m/Maren Pernille Skjong + Dag-Filip Roaldsnes solo)

 Søndag 10. april kl 16.00 - 20.00

 Kunsten er til sals.

Nittennullni er ei kunstnarklynge som er lokalisert i den særprega gamleskulen på Valderøya utanfor Ålesund. Her har sju kunstnarar sine individuelle arbeidsplassar. Nittennullni gjennomfører også arrangement som gir det lokale publikumet kulturopplevingar i form av musikk, visuell kunst, kunsthandverk, litteratur, med meir.

Facebook.com/Nittennullni