Unntak frå smittekarantene for vaksinerte

Dei som er fullvaksinerte treng ikkje smittekarantene sjølv om dei har vore i nærkontakt med ein smitta person. Dette gjeld også sjølv om ein bur i lag med ein person med smitte.

Fingrar som held ei sprøyte som stikk inn i eit koronavirus. - Klikk for stort bilete

 

Det er likevel viktig at dei som er fullvaksinerte tester seg viss dei får symptom. Vaksina har god effekt, men gir ingen garanti mot smitte.

For personar som ikkje er fullvaksinerte, men som har fått den fyrste dosen av koronavaksina, kan ein unngå smittekarantene ved å la seg teste.

Du skal da bestille ein test i tida mellom dag 3 og 7 etter siste kontakt med ein smitta person. Du treng ikkje å vere i karantene når du venter på testsvaret.

Også for delvis vaksinerte er det viktig at ein tester seg og går i isolasjon i påvente av testsvar viss ein får symptom etter eksponering for smitte.

Her kan du lese meir om kva ein meiner med fullvaksinert og «beskytta» og unntak som gjeld for dei som er beskytta:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/rad-regler-unntak-vaksinerte-covid-19/

Har du andre spørsmål om koronaviruset? Sjekk ut desse sidene, her finn du mykje nyttig informasjon.

https://www.helsenorge.no/koronavirus/