Unntak frå smittekarantene for barn og unge

For barn og unge under 18 år kan ein unngå smittekarantene sjølv om nokon i klassen, på fritidsaktiviteten eller i vennegjengen er smitta.

 

For å sleppe smittekarantene kan ein i staden teste seg.

Barnet/ungdommen må ta ein test så snart som mogleg etter at det blir kjent at ein er eksponert for smitte.

Fram til svaret på den fyrste testen er klart, må barnet eller ungdommen vere i smittekarantene. Er prøvesvaret negativt kan ein avslutte karantena og halde fram med testing.

Barn i barnehage- og barneskulealder skal ta ein ny test på dag 5 etter siste eksponering for smitte. Ungdom skal ta ein test på dag 3 og dag 5 etter siste eksponering for smitte.

Viss nokon i familien  (husstanden), kjæresten eller andre tilsvarande nære er smitta, må barnet eller ungdommen framleis vere i smittekarantene. Andre tilsvarande vil vere bestevenn(er), overnattingsgjestar eller personar som deler rom/hybel

Smittesporingsteamet i kommunen vurderer kven som er nærkontakter og vil gi råd om testing og karantene.

Her er meir informasjon om ulike tema knytt til koronavirus og barn/unge:

https://www.helsenorge.no/koronavirus/barn-og-unge/

https://www.helsenorge.no/koronavirus/barnehager-og-skoler/