Tryggleiksalarmar - Giske har ikkje same leverandør

I samband med ein muleg feil på tryggleiksalarmane i Ålesund kommune vil Giske kommune informere om at kommunen ikkje har same leverandør. 

Giske kommune vil likevel ta nokre stikkprøver. Innbyggjarar som har tryggleiksalarm i Giske kommune skal vere trygge for at desse fungerer slik dei skal.

Nokre tryggleiksalarmar er allereie testa i dag og det skal gjerast fleire testar i kveld. Alarmane til dei som er sjekka kjem inn som normalt.

Giske kommune har innarbeidd gode rutinar for jamnleg kontroll av tryggleiksalarmane. 

Ålesund kommune kontrollerar tryggleiksalarmar.