Treng frivillige til å bygge naust og bålplass

Naustet er ein alternativ opplæringsarena som skal vere med på å førebygge utanforskap og bygge gode relasjonar i lokalsamfunnet på tvers av generasjonar og interesser.

Rydding av tomta og bygging startar allereie i slutten av april og då er det behov for frivillige som kan hjelpe til med enkle oppgåver. Det er ti studentar frå Bergen Arkitekthøgskole som har ansvar for prosjektet i tett samarbeid med Giske kommune og Giske ungdomsskule.  Byggeperiodane blir frå 28. april til 7. mai og 26. mai til 15. juni.

-       Vi ser etter folk som kan stille seg disponible til å bli kontakta for enkle oppgåver som maling av naust, opprydning av tollbodhagen rett bak tomta, hjelpe til med å skru saman dekorative konstruksjonselement, og liknande. Vi stiller med utstyr og kaffe sjølvsagt, og det er ei kjekk muligheit til å kunne lære seg eller hjelpe til med litt handverk i eit meiningsfullt prosjekt, seier student Signe Birks på vegne av arkitektstudentane.

I investeringsbudsjettet for 2025 vedtok Giske kommune å bevilge midlar til å etablere ein alternativ opplæringsarena, Naustet, etter initiativ frå Giske ungdomsskule.

Det er behovet for ei meir variert og praktisk opplæring som ligg til grunn for tiltaket. Den alternative opplæringsarenaen er eit tiltak for å førebygge utanforskap. ​I dag er det dessverre slik at fleire elevar fell utanfor det ordinære opplæringstilbodet, som kan hende ikkje er tilstrekkeleg praktisk og variert.  Utanforskap kan handle om  manglande teoretisk meistring, psykisk uhelse, grenseoverskridande åtferd, rusproblematikk for å nemne noko. Naustet - som vil fokusere både på det sosiale (rutinar, reglar, forventningar) og det faglege (lære gjennom praktisk arbeid), kan fange opp og bygge meistring for mange av desse elevane. Det synes naturleg å knytte ein slik arena til sjø og havrom.

I samband med utgreiinga av sentrumsutvikling for Valderhaugstrand med Skaret fekk Giske kommune kontakt med Arkitekthøgskulen i Bergen. Ei gruppe studentar var her på besøk hausten 2024 og gjorde seg kjende i området. I vinter har dei teikna Naust og også ein bålplass til området. Tiltaka blir etablerte ved småbåthamna på Nordstranda, vest for hurtigbåtkaia, rett nedom den gamle frukthagen.

Studentane kjem rett over påske og ser gjerne at innbyggarane involverer seg i prosjektet, slik at mest mogleg kan bli ferdigstilt.

Dette prosjektet er noko som skal gje tilbake til lokalsamfunnet og nærmiljøet, engasjere og skape rom for samarbeid.

Studentane vil gjerne høyre frå frivillege som kan vere med på eit løft for nærmiljøet, og for at kommunen skal ha fleire tilbod og støtte rundt oppvekst i Giske.

-        Alle monnar drar, og vi håpar du har høve til å vere med å skape eit betre miljø for dei unge og også på tvers av generasjonar, seier Birks.

Dersom du har høve til å hjelpe til på dette unike prosjektet, eller har spørsmål så ta gjerne kontakt med studentane:

 

På vegne av gruppen, Signe Birks

Epost: sigbir@student.bas.org

Tlf: 907 16 153

Periodane dei har behov for hjelp er:

28.april til 7. mai og 26. mai til 15. juni.

 

Prosjektansvarleg kommunalsjef oppvekst:

Åse Elisabeth Skjærseth

Epost: ase.elisabeth.skjærseth@giske.kommune.no

Tlf: 984 31 522

 Oversiktskart.pdf (PDF, 3 MB)

 

 

.