To smitta, testar alle tilsette
Ein person har avgitt positiv koronatest, og ein annan har testa positivt på hurtigtest.
Det er så langt ikkje kjent tilknyting til smitteutbrotet på Toldboden i Ålesund, men smittesporing pågår framleis. Smittekjelde er hittil ukjent.
Det er så langt ikkje avdekka smitte til lokalbefolkninga i Giske kommune.
Kommuneoverlegane i Giske og Ålesund har hatt møte laurdag ettermiddag og dei tilrår massetesting av alle i bedriften der begge er tilsett. Dette vil bedriften sjølv stå for. Alle er sett i ventekarantene til testsvar er klare.
Publisert 01.05.2021 19.21