Telefontid sentralbord Giske kommune

Frå mandag 2. september vert telefontida på sentralbordet til Giske kommune, servicekontoret, kvardagar frå klokka 10 til klokka 12. 

Utanom opningstida til sentralbordet kan du ta direkte kontakt med dei du vil snakke med mellom kl. 8 og 15.30. 

Telefonnummer finn du i lista over tilsette på heimesida. 

Tilsette

Møter med tilsette på teknisk, flyktning eller IT kan du bestille i bookingsystemet. 

Møter

Send gjerne epost til post@giske.kommune.no dersom du ikkje får svar. 

Chatboten Kommune-Kari er på jobb 24 timar i døgnet og hjelper deg til å finne fram til informasjon på heimesida. 

Ekspedisjonstida til servicekontoret på rådhuset er frå kl. 9 til kl. 15. 

Feriar og inneklemte dagar kan avvike frå ordinære opningstider.