Takka politikarane for samarbeidet og innsatsen

 På slutten av siste kommunestyremøtet før sommaren takka kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen for samarbeidet med representantane i  både kommunestyret og formannskapet. 

 

Her er talen frå avtroppande kommunedirektør: 

 

Takk for meg!

Tusen takk for mulegheita du Harry (ordførar Harry Valderhaug) og tilsettingsutvalet ga meg då de torde å satse på meg som kommunedirektør. Eg har gleda meg til å dra på jobb kvar einaste dag!

Tusen takk til alle i kommunestyret i Giske, som eg opplever sit i same båt som oss i administrasjonen, og som har vist stor vilje til endring. Giske kommune nærmar seg økonomisk balanse slik tenesteproduksjonen er no. Det forutset at de held fram omstillinga for å klare å handtere endringane som kjem dei komande åra, med fleire eldre som treng fleire tenester av oss.

Tusen takk til dyktige, endringsvillige tilsette og tillitsvalde som kvar dag vil det beste for Giske kommune, og som kvar dag strekk seg litt lenger!

Det har vore ei glede å bli kjend med dokke politikarar i kommunestyret og formannskapet. Det har vore ei glede å arbeide saman med dykk.

Eg veit at spesielt skulestruktur, men også andre saker, skaper politisk diskusjon og stort engasjement frå innbyggarane. Engasjement er veldig bra, det treng vi. Og eg trur vel at det er derfor de er lokalpolitikarar, fordi de har engasjement for lokalmiljøet og for utvikling av Giske kommune. Eg blir imidlertid både sint, frustrert og irritert på dykkar vegne når eg les det eg karakteriserar som hets i sosiale medier. Det fortener de ikkje. Eg håpar at innbyggarane ser kva for ein jobb de gjer for samfunnet, og eg meiner at skal lokaldemokratiet overleve så må vi fortsette å bry oss om kvarandre, vi må ville kvarandre vel kvar dag, og vi må framsnakke i staden for å baksnakke og rive ned. Det er ikkje greit når innbyggarar blir snudd ryggen til fordi dei arbeider for at Giske kommune skal kome i økonomisk balanse.

Spesielt takk til Harry og Kåre (varaordførar Kåre Sæter) som eg har arbeidd tettast med i desse åra. For gode diskusjonar, latter, frustrasjon og glimt i auget. Eg set stor pris på dykk, og har lært mykje som eg tek med meg vidare. Dokke er heil ved. Tusen takk for meg!

Marianne