Sunniva Åkernes Kvalsund blir tilsett som rektor ved Giske skule

I samband med at rektor ved Giske skule, Gry Støbakk Ytterland, tok til i rektorstillinga ved Giske ungdomsskule har Sunniva Åkernes Kvalsund vore konstituert rektor ved Giske skule. frå 1. august.  Ho vil vere fast tilsett i stillinga frå 1. september.

Sunniva Åkernes Kvalsund har takka ja til stillinga som rektor ved Giske skule. Ho kom frå stillinga som avdelingsleiar og stedfortreder for rektor på Valderøy barneskule. Ho har vore konsituert rektor på Giske skule frå 1. august. 

“Eg er glad for tilliten og gler meg til utfordringarne. Det har vore kjekt med eit gjensyn med elevar, tilsette og føresette på Giske skule.”  

Giske kommune er glad for å ha Sunniva i leiargruppa og ynskjer henne lykke til.