Sunniva Åkernes Kvalsund blir konstituert rektor ved Giske skule

I samband med at rektor ved Giske skule, Gry Støbakk Ytterland, går over til rektorstillinga ved Giske ungdomsskule blir Sunniva Åkernes Kvalsund konstituert rektor ved Giske skule.  

Sunniva Åkernes Kvalsund har takka ja til konstituering som rektor ved Giske skule. Ho er i dag avdelingsleiar og stedfortreder for rektor på Valderøy barneskule.

“Eg er glad for tilliten og gler meg til nye utfordringar. Det blir stas med eit gjensyn med elevar, tilsette og føresette på Giske skule.”  Sunniva tek til på Giske skule frå 1. august.