Storslått GISO-dag!

26. oktober 2023 var det duka for GISO 2023 - Giske Science Opera.
Alle elevane frå 5.-7. klasse frå alle barneskulane våre var samla på Valderøy barneskule i eitt av dei største kulturprosjekta som har vore gjennomført her i kommunen. 

Global Science Opera, eit internasjonalt tverrfagleg skuleprosjekt har vore gjennomført på Valderøy barneskule dei siste 6 åra. Sentrert rundt eit naturfagleg tema får elevane fordjupe seg og utfalde seg innen norsk, engelsk, samfunn, musikk, kunst og handverk og mykje anna.

Gjennom eit samarbeid mellom kultur og oppvekst i kommunen, vart årets prosjekt arrangert for alle elevane på mellomtrinnet i kommunen. Koordinator for Den kulturelle skulesekken i Giske, Ingvild Nautvik og musikklærar Runa Godø Sæther har hatt ansvaret for gjennomføringa, og med seg på laget har dei henta inn den amerikanske artisten Zeke Locke, ungdomsarbeidar Veronica Fauskan og danselærar Eleanor Nedregaard.  Elevane har fått lære seg songar, laga dans, film,  teikna og mala, laga legofigurar og mykje meir rundt temaet “Unfold the universe”.

Det har vore ein draum lenge å få gjennomføre dette saman med alle skulane i kommunen, seier Runa Godø Sæther. Ho har vore primus motor for prosjektet alle desse åra.  Med seg på laget har ho også Lyd og lysgruppa på Valderøya, som er tekniske produsentar under prosjektet.

Og som om ikkje eit skuleprosjekt er nok, har dei også denne veka laga plass til ein storkonsert for heile lokalsamfunnet vårt. Laurdag 28, oktober kl. 1700 på Valderøy barneskule får du sjå og høyre Zeke Locke, 4 lokale kor og ein heil gjeng med elevar på scena til song, dans og god stemning. 

It's all about life, joy and love! seier Zeke Locke om prosjektet.

Sjå biletserien her!