20. april vil barnehagane igjen ta imot barn. Fram til den tid vil barnehageeigarane og dei tilsette i barnehagane legge forholda til rette for at åpninga kan skje samtidig som ein tek omsyn til smittevernreglane. Gjennomføring av desse ligg til grunn for vedtaket om åpning.
27. april vil det bli åpna for barn i klassene 1-4 i skule og SFO. Også her vil ein gjennomføre omfattande tiltak med smittevern. Det vert utarbeid ein nasjonal instruks om korleis dette skal skje. Blant dei tiltaka som skal klargjerast er gruppestorleik og organisering av garderobe og leikeområde. Her er det hensynet til smittevern som er styrande.
For klassetrinna 5-10 i grunnskulen er det ikkje sett nokon dato for oppstart av vanleg skuleundervisning. Kunnskapsminister Guri Melby uttaler at det er hennar mål at alle elevane på ein eller annan måte skal få komme tilbake til skulen i løpet av våren. Det kan bli gjennom gruppevis undervisning, kortare dagar eller andre ordninger. Når og korleis dette eventuelt skal skje vil kunnskapsministeren komme tilbake til.
Statsminister Erne Solberg ba alle legg tre grunnleggande prinsipp til grunn for korleis vi møter den vanskelege våren.
- Vi skal løyse dette sammen.
- Vi skal ha kontrollen og ikkje ta sjanser.
- Vi skal gjere dette over tid – ha tolmod.
Kultur og idrett avlyst
Alle større arrangement innen idrett og kultur fram til 15. juni er forbudt. Dette kunne kulturminister Abid Raja kommunisere i går. I praksis betyr dette at heile vårsesongen innen idrett er avlyst. Også konserter denne våren er det stengt for.
17. mai-feiringa på vent
Blant dei spørsmål Regjeringa ikkje har tatt stilling til er kva reglar som vert gjeldande for 17. mai-feiringa i landet. Det statsminister Solberg understreka var at det er smitteverntiltaka som er styrande.
I praksis betyr dette at årets feiring av nasjonaldagen ikkje vert som vanleg. Dette er ei utfording til alle kreative mennesker i lokalsamfunna. Noko kjekt må vi vel klare å få til sjølv om vi held avstand og ikkje er i store grupper.