Status Giske kommune onsdag 15. april kl 11.00

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete Smittestatusen i Giske er fortsatt stabil. Ingen nye positive prøver siste døgn. Nokre få ved institusjonene er i karantene i påvente av svar på prøver. Det er også betydelig færre av dei tilsette som er ute på grunn av forkjølelsesymtom.

Digitalt kommunestyremøte

I dag vil Giske kommunestyre møtes. For første gang skjer dette digitalt. Alle representantane skal koble seg opp på en felles møteportal. I alle hovedsak er det i dette møtet lagt opp til orienteringssaker om korleis koronasmitten har blitt handtert, kva dette har ført til av kostnader for kommunen og litt om kva planer ein har framover.

- Dette blir ein skikkeleg test på vår digitale kompetanse, seier ordførar Harry Valderhaug.

- Eit møte i denne form krev mykje av oss både når det gjeld disiplin og førebuing. At alt skal gå knirkefritt denne første gongen kan ein ikkje heilt rekne med, men vi skal i alle fall gjere vårt beste slik at møtet blir både opplysande og ikkje minst slik at alle får sjansen til å tilkjennegi sine synspunkt, seier ordføraren.

- Framover er dette truleg ei møteform vi må bruke og på handsaming av ordinære politiske saker.

Kommunestyremøtet er klokka 16.00 og det vert høve til å følgje møtet på stream på nettsida: www.giske.kommune.no