Sommaraktivitetar i Giske

No er det klart for barn og unge frå 7 til 17 år i Giske kommune å melde seg på årets sommaraktivitetar. I år kan dei velje i alt frå golf på Gjøsundet, motocross på Vigra til akvarie og klatrepark. 

Bilde av barn i klatreparken.  - Klikk for stort bileteKlatreparken i fjor. 

Det blir også denne sommaren arrangert aktivitetar i regi av Frivillegsentralen i to bolkar. Den første frå 26. juni til 7. juli og den andre frå 1. august til 18. august. Det blir arrangert aktivitetar både i kommunen og utanfor. Nokre av aktivitetane har aldersgrense og krav til ferdigheiter. Det er viktig at desse vert overhaldt i samband med påmeldinga. Den som skal vere med må vere busett i Giske kommune. Det er bindande påmelding og ein kan berre melde seg på maks tre aktivitetar. Tilbodet er gratis og det følger også med mat. 

- Vi ønskjer at flest mogleg skal få eit tilbod om aktivitet. I fjor opplevde vi at påmelde ikkje dukka opp på aktivitetar. Det er veldig synd, for då vart vi ståande med ledige plassar, seier Ernst Valderhaug, leiar på Giske frivillegsentral. 

Det er oppmøte på Frivillegsentralen berre til aktivitetar på akvariet og klatreparken kl. 09.00. Alle andre aktivitetar er det oppmøte på plassen kl. 10.00. 

Dei som skal delta på sjøsport må vere svømmedyktige. 

Påmelding til: erva@giske.kommune.no

Plassane blir fylt opp fortløpande. Bindande påmelding, maks tre aktivitetar. 

OVERSIKT OVER AKTIVITETAR  (DOCX, 15 kB)