Søknadsrunde for spelemiddeltilskot 2025 er opna

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2025 (Spelemidlar) har opna for ny søknadsrunde.

 

Det er no høve for å opprette søknad om tilskot i Anleggsregisteret.

Dei som har fått deltildeling tidlegare kan legge inn gjentatt søknad. 
Dersom de har fått godkjend søknad tidlegare, men ikkje fått tildeling skal de legge inn fornya søknad. 
Dei som ikkje har fått godkjend, eller søker for første gong skal lage ny søknad.

Kultur- og likestillingsdepartementet har no lagt ut reviderte Bestemmelser om tilskudd til anlegg - 2025.

Giske kommune set frist til 15. oktober 2024 til å legge inn søknad. Søknaden bør då vere mest mogleg ferdigstilt. Det er då høve til å gjere mindre endringar etter denne fristen.
Ønsker de hjelp med søknadsprosessen kan de be om eit møte med kommunen, kulturkonsulenten vurderer om de er behov for utvida kompetanse frå fylkeskommunen til møtet.