Søknadsfrist for plass i barnehage og SFO er 01.03.2025

Søknadsfrist for plass i barnehage og SFO frå hausten 2025 er 01.03.2025

Mange barn i leik med legoklossar ved eit bord og på golvet. - Klikk for stort bilete IA-bilde

Barnehage
Giske kommune har to kommunale og seks private barnehagar.

Skulefritidsordning
Giske kommunestyre har vedtatt nye vedtekter for skolefritidsordningane gjeldande frå hausten 2025. Blant anna har SFO-ordningane fått nye opningstider. Barna må meldast på 10 eller 11 månader i skuleåret.  Merk at når eit barn er tildelt plass i skulefritidsordninga, gjeld dette for 1. - 4 . trinn, - eller til plassen blir sagt opp.

Det blir kravd betaling for ti månadar. Betaling blir kravd for ½ august og ½ juni og heil betaling frå september månad til og med mai månad. Dei som melder seg på ferietilbodet blir fakturert for 10 % ekstra for dei ti månadane.
Det er høve til å endre levert søknad fram til 01.03.2025. Søkjar kan logge inn med id-porten og endre søknaden. Dei som alt har søkt om plass om tilbod kan endre søknaden til også å gjelde ferietilbod. 

Det kan søkjast om plass i SFO for elevar i 1. - 4. klasse og for elevar i 5. - 7. klasse med særskilde behov. Elevar i 1., 2. og 3. klasse har rett på 12 timar gratis i SFO. Det kan søkjast om berre 12 timar gratis SFO, eller dei 12 timane blir ein del av tilboda i SFO som omfattar timar etter skuletid.

Lenke til søknadsskjema for plass i barnehage og SFO.

Søknad om redusert foreldrebetaling for opphald i barnehage og SFO

Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden per plass. Hushaldningar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling. Søknadane vil bli behandla når skatteoppgjer for 2024 for husstanden ligg føre. Kommunen hentar opplysningar direkte frå Skatteetaten. Anna dokumentasjon er nødvendig berre dersom inntekta til husstanden er vesentleg endra. Søknadar innkomne etter fristen blir gjeldande frå månaden etter at søknaden er innregistrert. SFO-tilbodet er gratis for elevar i 5. - 7. klasse. Det skal ikkje søkjast om friplass for elevar med særskilde behov.

Søknadsfrist for redusert foreldrebetaling er 31.07.2025. Lenke til søknadsskjema for redusert foreldrebetaling.