Tildelingskontoret har ledig fleire oppdrag som støttekontakt. Felles for oppdraga er at du helst bør vere over 18 år og ha førarkort for personbil (ikkje noko krav om dette). Før tiltreding må det leverast politiattest.
- Jente 6 år, likar fotball, handball m.m.
- Gut 12 år, likar turar i nærområdet, svømming, kino m.m.
- Jente snart 18 år, likar å gå på tur, gaming m.m.
Løn etter gjeldande satsar. Det blir gitt rettleiing i samband med gjennomføring av oppdrag.
Kontakt Anne Marta Kringstad på tildelingskontoret for meir informasjon:
tlf. 417 02 335 tirsdag og torsdag kl. 09.30 - 11.30,
e-post: anne.marta.kringstad@giske.kommune.no
Sist endra 10.04.2025 09.16