Snakk om eigenberedskap med ungdommen

Har du ungdom heime som er blandt dei eldste på ungdomsskulen eller elevar på videregåande skule?

Kvifor ikkje lese teikneserien “Blanca & Timian” saman, og ta ein prat om eigenberedskapen?

 

Les heile teikneserien her: blancatimian_beredskap_dsb_v5_compressed.pdf

Etterpå kan de diskutere:

  1. Blanca og Timian reagerer veldig ulikt på brosjyren frå DSB. Korleis vil du beskrive reaksjonane deira, og kvifor trur du dei reagerer som dei gjer?
  2. Kva tenkjer du om at norske styresmakter ber alle vere førebudde på å klare seg sjølv nokon dagar ved ei krise?
  3. Kva tenkjer du det er lurt å ha i beredskap heime viss straum, vatn eller internett skulle bli borte nokon dagar?
  4. Korleis trur du familien din hadde klart seg utan straum, vatn og internett i nokon dagar? Korleis hadde du merka det?
  5. I ei krise er det mange som treng hjelp samtidig. Er det nokon som kan trenge hjelpa di - og kva kan du hjelpe med?
  6. Kva kan du gjere for å forbetra eigenberedskapen til familien?