Smittetilfelle i Giske kommune
Ein ung mann busett i Giske har fått påvist Covid-19 etter ein test denne veka. Han kjente symptom i helga og testa seg. Mannen er ikkje alvorlig sjuk.
Smittevegen til mannen i Giske er ikkje kjent, men han har hatt eit opphald på Austlandet, og det er mistanke om at smitten har oppstått der. Smittesporing er sett i verk.
Fire frå mannens husstand er sett i karantene. Ut frå konkrete vurderinger av mannens bevegelser siste dagane er det vurdert som ikkje nødvendig å sette fleire i karantene.
Publisert 15.10.2020 14.44