Skal leie ny avdeling for samhandling og koordinering

Merethe Våge (45) begynner å jobbe som leiar for den nyoppretta avdelinga for samhandling og koordinering i Giske kommune 30. mai. 

Våge bur på Åse i Ålesund, er gift og har to gutar. Ho jobbar no som forløpskoordinator barn og familie på koordinering og tildeling i Ålesund kommune.  Den første tida skal ho bruke på å bli kjent med kommunen, tenestene, dei tilsette og oppgåvene. Både stillinga og avdelinga er nyoppretta så det vil vere behov for å justere oppgåvene undervegs.

-          Eg er veldig glad for at vi no har fått på plass nokon som kan gjere oss endå betre på samhandling på tvers av einingane og faga. Dette er noko eg har stor tru på. Vi har mange oppgåver som skal løysast framover, seier kommunedirektør Karl Andre Birkhol. 
I samband med oppretting av den nye avdelinga har det vore fleire samlingar med tilsette på tvers av fagområde. Det har vore eit uttalt ønske frå dei tilsette om å få betre samhandling.  

Våge skal ha kontor i andre etasje på rådhuset. Kommunedirektøren vert nærmaste leiar og ho vil sitte i leiargruppa hans.