Samordna opptak i barnehagane i Giske kommune

Samordna opptak er no i gang. Vi ber alle som får tilbod, svare så raskt det let seg gjere. Dersom du ikkje finn e-post frå Giske kommune, kan du logge på oppvekstportalen og sjå der.

Etter opptaksmøte 20.03.2018 er det no sendt tilbod til born som fekk tildelt plass i barnehage.

Som ved opptaket i fjor så manglar det nokre plassar. Då løyste det seg etter kvart, og alle med lovfesta rett fekk tilbod til slutt.

 

Kommunen vil ha meir oversikt over kapasiteten etter at dei som har fått tilbod har svart på det. Vi vil då vurdere situasjonen. Foreldre til born utan plass med lovfesta rett til barnehageplass i kommunen vil få orientering så raskt det let seg gjere.

 

Vi ber difor foreldre som har fått tilbod om å svare så rakst det let seg gjere.