Samlivskurs for førstegangsforeldre

Venter de barn for første gang, er kurset "Godt samliv" eit nyttig tilbod.

Ny i foreldrerolla? Då kan dette vere eit nyttig kurs.

Dette er ei nasjonal satsing som er for alle førstegangsforeldre, og kurset er gratis.  Kurset skal gi støtte og inspirasjon i ein periode med store forandringar og utfordringar i kvardagen. Det er mykje som blir nytt og annleis etter at ein blir foreldre. Som par kan det å få eit barn vere både fantastisk, men også by på ein del utfordringar. Dei fleste reaksjonar og utfordringar er normale.

Dette vil vere fokus på kurset:

Kunnskap og konkrete råd til kva som skaper gode og varige samliv.

Bidra til å hjelpe og støtte foreldre i denne nye livssituasjonen.

Godt samliv er delt inn i fire kursdeler: 

1. Vårt parforhold: Frå par til familie

2. Kommunikasjon: Å holde forbindelsen

3. Krangel og konflikt: Korleis håndtere det?

4. Den store forandringa frå par til familie

Kurset går over to torsdager frå kl 13- 16, der det veksler mellom teori og oppgåver som løysast parvis. Kurset foregår på helsestasjonen.

Påmelding til :

Maria.Schaug-Pettersen@giske.kommune.no

Anne.Birkevold@giske.kommune.no

Eller sms til: 41701929/ 48292088

Velkommen!