Samling for flyktningar i introduksjonsprogrammet i Giske.

I dag onsdag arrangerer Nav jobbsøkar/praktisk info-dag i samarbeid med flyktningetenesta i Giske kommune.   

Dei ukrainske og norske flagga var heisa for dagens samling.

22 flyktningar deltok på informasjonssamling på rådhuset. Der får dei praktisk informasjon om kommunen, om forsikring og anna nødvendig informasjon.

Flyktningane frå mellom anna Ukraina er både nyankomne og nokre har budd her ei stund. Nokre av desse har allereie fått jobb i hotell og fiskeribransjen.

Med på samlinga er også ordførar Harry Valderhaug. og kommunedirektør Dag Olav Tennfjord.   

I ettermiddag skal Nav arrangere jobbkafe i samarbeid med Flyktningetenesta.
Hotelldirektør frå Hotel Noreg kjem for å informere om sommarjobb og søknadsprosessen. Då får flyktningar frå Ukraina, Syria og Afghanistan møte arbeidsgjevar direkte og stille spørsmål.