Rusken-aksjon i Giske kommune 2023
Det er tid for vårrydding og Giske kommune vil også i år tilby henting av herrelaust avfall som frivillige samlar inn langs vegar og stiar, og i friområde.
Ordninga vert slik:
Kommunen eller andre organisasjonar som skuler og grendalag kan ta kontakt med ÅRIM på epost for å avtale; post@arim.no
Eposten skal innehalde følgjande informasjon:
- Arrangør (f.eks. 17 mai-komité ved x skule)
- Namn på kontaktperson
- Telefon nummer til kontaktperson
- Kvar langs renovasjonsruta - nøyaktig adresse - vil avfallet bli plassert (maksimum 5 meter frå veg der renovasjonsbilen køyrer)
- Kva dag skal Årim hente avfallet - OBS: Årim hentar Rusken-avfall berre dei vekene dei hentar restavfall. Sjekk hentekalender på ÅRIM si nettside https://arim.no/hentekalender.
Hugs:
- Alt avfall skal leggast i blanke sekkar.
- Sekkane må ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall, farleg avfall eller hageavfall.
- Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar.
- MERK: Det Rusken-avfallet som ikkje går i sekk, må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand.
- Hageavfall kan leverast til din miljøstasjon heile året.
ÅRIM tek ved behov kontakt med den enkelte arrangør i etterkant av bestilling. Kommunen får faktura for kostnadene ved henting og avfallsbehandling.
Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.
Sist endra 15.03.2023 16.13