Rusken-aksjon i Giske kommune 2022

 

Det er tid for vårrydding og Giske kommune vil også i år tilby henting av herrelaust avfall som frivillige samlar inn langs vegar og stiar, og i friområde. 

Ordninga vert slik:

Kommunen,17.mai-komiteeane og organisasjonar kan kontakte ÅRIM på epost: post@arim.no

Eposten skal innehalde følgjande informasjon:

  • Arrangør (f.eks. 17 mai-komité ved x skule)
  • Namn på kontaktperson
  • Tlf nr til kontaktperson
  • Kvar langs renovasjonsruta vil avfallet bli plassert (maksimum 5 meter frå veg)
  • Kva dag skal Årim hente avfallet

Hugs:

  • Alt avfall skal leggast i sekkar.
  • Sekkane må ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall, farleg avfall eller hageavfall.
  • Arrangør må sjølv sørge for søppelsekkar og hanskar.
  • MERK: Det Rusken-avfallet som ikkje går i sekk, må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon. Levering av slikt avfall må meldast inn og godkjennast på førehand.
  • Hageavfall kan leverast til din miljøstasjon heile året.

Årim hentar Rusken-avfall berre dei vekene dei hentar restavfall. Sjekk hentekalender på ÅRIM Https://arim.no/hentekalender. ÅRIM tek ved behov kontakt med den enkelte arrangør i etterkant av bestilling. Kommunane får faktura for kostnadane til henting og avfallsbehandling i samanheng med avfallet som vert henta i sin kommune.

Vi gjer merksam på at Rusken-avfall ikkje er herrelaust marint avfall, og dermed ikkje avfall som går inn under refusjonsordninga til Hold Norge Rent.