Ruben & The Desperados vidare til fylkesfestivalen

Etter deltaking på UKM Giske 2021 har juryen bestemt at Ruben & The Desperados går vidare til fylkesfestivalen i november.

UKM2021 Hilde Røsvik  

UKM i år vart avvikla som eit digitalt arrangement og vist på UKM-TV 26. mars.

Juryen har sett filmen og gitt sin uttale. Dei som sat i årets jury var Terje Erstad (musikk), Emma Dyb (musikk, kunst og dans) og Ralph Christensen (kunst).

Dei tre har kome fram til at dei ønskjer å sende Ruben & The Desperados vidare til fylkesfestivalen i november.

Dette er det juryen seier om bandet:

Ruben & The desperados

Herleg å få oppleve eit band som leverer ein solid coverlåt, med rå energi. Dere spilte bra, hadde eit tøft låtvalg, punk attitude, og vi likte dei originale elementa deira! Lykke til vidare!

(Eit tips vidare på vegen! Tørr å bruke kvarandre litt meir på scenen, gi endå meir gass!)

 

Dei andre deltakarane har også fått ein uttale om sin sceneframføring:

Anna og Rakel

Kjempefin og klar og tydeleg sangstemme, saman med nydeleg piano-akkompagnement. Veldig fint låtvalg også, det var ei rørande og ektefølt framføring.

 Tuva

Du hadde ein veldig fin og original koreografi! Låtvalget ditt var kult og det passa bra saman. Vi likte godt heilheita av det vi så, dansen, låtvalget, antrekket og lysettinga.

Maria og Maren

Bra stemme og bra komp piano! Det var ei ektefølt framføring, dere samspilte og vi syns det var veldig stas og fint med låta på dialekt.

Lydia

Du bruker variert teknikk for å uttrykke motiva dine. «Månelys» er eit stemningsfullt bilde, der tekstur skaper spenning og dynamikk i eit dramatisk landskap. «Høstvev» viser at du ikkje er redd for å balansere sterke fargar opp mot kvarandre på ein harmonisk måte. «Speilulven» uttrykker ei mørk stemning med begrensa bruk av kjølege krittfargar. Vi likar kunsten din veldig godt!