Rekordinnsamling frå Giske kommune

Giske kommune har sprengt alle tidlegare rekordar med hittil kr. 702 000,- innsamla!

NRK Tv-aksjonen

Under årets aksjon valde Giske å ikkje ha fysiske bøssebærarar som gjekk frå dør til dør. I staden for oppmoda ordførar og Frivilligsentralen folk om å opprette eigne digitale bøsser. Spesielt skulane i kommunen har gjort ein kjempeinnsats, der blant anna Giske ungdomskule samla inn nesten 140.000 då dei sprang rundt Valderøya til støtte for aksjonen fredag 18.oktober.  

Av fylkesoversikta på skuleinnsamling ser vi at skulane i Giske ligg på bidragstoppen, med 41 kr i gjennomsnitt! På dei private digitale bøssene som er oppretta på spleis.no ligg snittet på 61 kr innbyggjar og totalt har Giskeinnbyggaren gitt omlag 80 kroner per innbyggjar.

Tusen takk til alle som stilte opp og bidrog til dette. Vi er svært nøgde, seier leiar for frivillegsentralen, Ernst Valdehaug.