Registrering av gjester på serveringsstader

Rask og effektiv smittesporing er viktig for å halde kontrollen over korona-viruset. Dette gjer at vi alle kjem til å møte andre rutiner enn dei vi har gjort tidlegare. Dette gjeld mellom anna på kafé.

 

Helsedirektoratet har oppfordra til at alle gjester på serveringsstader vert registrert med namn og telefonnummer. Dette for at ein ved eit eventuelt smitteutbrot skal kunne lettare identifisere kven som kan ha vore i nærkontakt med den som er smitta.

Giske kommune har fulgt opp denne henstillinga og sendt ut denne informasjonen til alle serveringsstadane.

Det er grunn til å merke seg at dette er opplysninger som ikkje skal lagrast utover den perioda dei kan vere aktuelle med hensyn til smittesporing.

Vi oppmoder alle om å slutte opp om dei tiltaka serveringsstadane legg opp til. Dette gjer vi for at vi alle skal få det så trygt som moglet i dagleglivet, og er med på å gradvis kunne gjenåpne samfunnet.

Når det gjeld serveringsstader med skjenkebevilling er slik registrering eit pålegg frå 13. oktober. For andre serveringsstader er dette ei sterk tilråding.