Personar med alvorleg nedsett immunforsvar kan få ei tredje dose

Giske kommune vil gi ei tredje dose med koronavaksine til personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Det blir gjort etter at Folkehelseinstituttet har kome med ny informasjon.

 

Det er to grupper som kan få den 3. vaksina:

Gruppe 1:

  • Organtransplanterte, beinmargstransplanterte siste 2 år eller pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla HIV-sjukdom

Gruppe 2:

Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak, med eit av medikamenta på denne lista.

Alle som har ei av diagnosene i gruppe 1 og som vil ha vaksine før dei får brev frå sjukehuset, må vise fram notat frå sjukehuset som stadfestar diagnosa. For gruppe 2 må det framvisast dokumentasjon på medisinbruken.