Treningsgruppene blir holdt av frivillige instruktørar som har tatt kurs og blitt "sterk og stødig-instruktørar" . Fysioterapeut Ellen Vartdal Håvoll er veiledaren til dei frivillige instruktørane og har ansvaret for påmeldinga.
Du er hjartleg velkomen til å delta i ei av våre treningsgrupper for seniorar, med hovudvekt på balanse- og styrketrening. For å kunne delta må du få tildelt ein plass gjennom påmelding.
For å melde deg på må du ringe, sende sms eller mail.
PÅMELDING: RING/SMS: 41702349 eller MAIL: ellen.vartdal.havoll@giske.kommune.no
Informasjon om tid og stad:
VALDERØYA (Valdervoll): Torsdagar kl.11
GODØYA (Klubbhuset): Onsdagar kl.11
VIGRA (Rota): Torsdagar kl.11:30
Sterk og stødig er eit populært tilbod og har difor venteliste på alle gruppene. Om du tek kontakt får du ein plass på ventelista til den staden/stadane du ønsker å delta og blir kontakta når det eventuelt blir ledig ein plass til deg. Dersom det blir 10-20 stk på ventelista vil det bli sett på moglegheiter for å kunne starte fleire gupper.
· Ein stor takk til Il Valder, Godøy Il og Vigra Il som stiller med lokale slik at det vil vere gratis for seniorane å delta på Sterk og stødig.
