ØY`NE opnar onsdag 2. oktober

Ungdomsklubben er i gang. Onsdag 2. oktober blir første ordinære opningsdag. Nyleg vart klubben opna av ordførar og leiar i ungdomsrådet.  (biletet)

ØY'NE er ein ungdomsklubb for ungdommar i heile kommunen frå 8. klasse til 17 år. 

 På klubben har vi eit "chille-rom" med blant anna sofakrok, TV og PS5, eit bordtennisrom, eit stille-rom med sofakrok, eit rom der ein kan spele brettspel m.m. og eit kjøkken der ein kan lage mat. Klubben er open onsdagar kl. 18.00-21.00. 

Klubben følger skuleruta og er stengt i haustferien og andre feriar.  

 Vil du vere frivilleg vakt på ungdomsklubben? Ta kontakt med Veronica Fauskan på e-post: Veronica.Elise.Sorengen.Fauskan@giske.kommune.no

Stad: Valderhaug 6, 6050 Valderøy (Brakkene ved sidan av Rådhuset)

Ungdomsklubben