Overlevering av mudringsprosjektet til Kystverket

Tirsdag 12. mars klokka 11.15 blir det seremoni på Gjøsundneset i samband med overlevering av mudringsprosjektet, som Giske kommune har utført på vegne av Nærings- og fiskeridepartementet ved Kystverket. Flagget er heist utanfor rådhuset i høve markeringa. 

-    Vi er veldig glade for at dette prosjektet no er i hamn. Det har vore eit stort og krevjande arbeid for Giske kommune, men i tett og godt samarbeid med lokale initiativtakarar frå fiskerinæringa har prosjektet blitt til. Gjøsund nasjonale fiskerihamn har ei strategisk plassering i leia og vil bli eit sentralt knutepunkt langs norskekysten. Eit viktig mål er å flytte gods frå veg til sjø, noko som også er eit viktig klimatiltak, seier ordførar Kenneth Langvatn.

Giske kommune har sidan 2019 arbeidd med å utdjupe Gjøsundet. Dette vart fullført og godkjent i slutten av 2023. Det er stor interesse frå næringslivet som ønskjer å etablere seg i området.

-       Utdjuping av sundet markerer starten for den vidare utviklinga av næringsområdet, som gir rom for fiskerinæringa og andre næringsaktører si utvikling i området. Dette vil gi mange positive ringverknader både for næringsliv, for kommunen og regionen. Her vil det bli etablert bedrifter og skapt nye arbeidsplassar for framtida, seier ordføraren.    

Statssekretær frå Nærings- og Fiskeridepartementet Kristina Sigurdsdottir Hansen tek del.