Ordføraren fekk sparegris

Etter at Giske kommunestyre vedtok årsrekneskap og årsmelding for 2021 på kommunestyret torsdag kveld vil kommunen bli meldt ut av Robek. Det vart feira med besøk frå Statsforvaltaren og med kake til alle.  

Årsrekneskapen viser eit netto driftsresultat på 33 millionar kroner. Stabsdirektør Helge Mostad frå Statsforvaltaren kom til møtet på Giske rådhus saman med seniorrådgiver Sissel Hol. 
Mogstad overrekte ein sparegris til ordførar Harry Valderhaug med eit glimt i auge og med formaningar om å passe godt på økonomien framover. 
Giske kommune kom inn på Robek-lista i 2016 etter underskot i 2014 og 2015. Stabsdirektøren oppmoda ordføraren om å legge sparepengar på disposisjonfondet og tenke langsiktig. 
Fleire politikarar gjekk på talarstolen og takka dei tilsette for innsatsen som er lagt ned dei seinaste åra der drifta har vore nedpint til eit absolutt minimum.