Ordførarar frå Tsjekkia på gjenvisitt

Denne veka har ein delegasjon frå Tsjekkia besøkt Giske og Sula kommunar for å lære meir om berekraftig samfunnsutvikling gjennom god planlegging.

-     Dette har vore flotte dagar med tett program. Dei besøkande var overvelda over det vi hadde å vise fram, seier ordførar Kenneth Langvatn.

Dette er eit EU-finansiert prosjekt i samarbeid med Kommunenes interesseorganisasjon, KS. Representantar derifrå var også med på turen.

KS og kommunane Sula og Giske, saman med utvalde tsjekkiske kommunar har utveksla erfaringar og metodikk for berekraftig samfunnsutvikling. Ordførarane og kommunedirektørane i Giske og Sula besøkte desse tsjekkiske kommunane i april, og fekk då innsikt i kva for utfordringar og mulegheiter dei har i utviklinga av sine lokalsamfunn.

-  Gjenvisitten denne veka gav den tsjekkiske delegasjonen høve til å forstå meir korleis vi gjer det her hos oss. Likheitene er mange, men forskjellane fleire. Erfaringsdeling på tvers er særs nyttig, og gir nye perspektiv på korleis vi driv utviklande samfunnsplanlegging her heime, seier Langvatn.

Programmet i Giske var gjennomgang av diverse planmetodikk og planarbeid for å vise likheiter og forskjellar frå slik dei jobbar i Tsjekkia. Besøk på Alnes fyr og besøkssenter med minikonsert, foredrag og svelestopp. Etterpå var det guida tur på Gjøsund hamn og industriområde. Det heile vart avslutta med ei framsyning i amfiet på Giske med eit utdrag av Giskespelet.  

-          Vi fekk vist fram kommunen vår i samsvar med visjonen vår «Historisk og framtidsretta» gjennom Giskespelet og korleis vi tenkjer berekraftig og framtidsretta i utviklingsarbeidet i Gjøsund hamn, seier ordføraren.