Opna med å knytte saman

Det var ingen snorklipping då nye Giske ungdomsskule vart opna måndag 23. august. Fire lange blåe band vart derimot knytta saman av elevane.

 

Dette vart ei fin symbolhandling for å knytte fire øyar saman til ein ungdomsskule. Flagget var heist til topps og på skuleplassen var alle elevane frå Giske, Godøy, Valderøy og Vigra samla. Varaordførar Kåre Sæter og kommunalsjef for opppvekst, Åse Elisabeth Skjærseth, heldt kvar sin tale for elevar og tilsette.

Dei la begge vekt på at den enkelte elev er spesielt velkomen og skal respekterast for den dei er. Dei ønska alle lykke til med ein ny haust og eit nytt skuleår. Mange har stått på for at skulen og skulebygga skulle vere klar til skulestart. I dag vart det feira med talar og is til alle.