Opna gapahuken på Giske omsorgsenter

Mandag 13. mai var det offisiell opning av den nye gapahuken på Giske omsorgsenter på Valderøya.  Einingsleiar Valderøy omsorgsdistrikt, Janita Engeset Ellingseter ønska velkomen før ordførar Kenneth Langvatn holdt tale. Kommunedirektør Karl Andre Birkhol tok også del i markeringa. 

Bebuarar og andre inviterte gjester var med på markeringa. Dugnadsgjengen tok ein pause frå hagearbeidet dei gjer rundt omsorgssenteret og mottok takk for alt dei har bidratt med. 

Svein Skjong og Johan Skjong stod for den offisielle avdukinga før det vart servert både kaffe og kaker frå kjøkkenet.

  • Giske kommune ønsker å takke frivillige for arbeidet, Eldres Vel og Sparebanken Møre for støtte og XL Roald for god hjelp med bygging. Vi er evig takksame for arbeidet dere i dugnadsgjengen gjer her,  seier Ernst Valderhaug ved Giske Frivillegsentral. 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete