Operasjon Hubro er i gong!

Ålesund, Sula og Giske har hatt fleire situasjonar med ungdomskriminalitet og uheldige situasjonar i ungdomsmiljøet. No er Operasjon Hubro i gong. Gjennom sommaren skal det vere 12 dedikerte ressursar i Politiet og i haust endå fleire.

Ordførarane i Sula, Ålesund og Giske kommune saman med Møre og Romsdal politidistrikt. Frå venstre Harry Valderhaug, Eva Vinje Aurdal, Oddbjørn Solheim, Daniel Ludvigsen og Jim Arve Røssevoll. Ålesund kommune

I Operasjon Hubro er det og ein dedikert politiadvokat og etterforskar som er kobla på. Samhandling med kommunale ressursar og føresette er viktig for å lykkast! 

Saman med samarbeidsaktørar som kommunane Ålesund, Sula og Giske, med barnevernet, skole, helse, SLT-koordinator og frivillige skal dei jobbe med retta tiltak mot ei gruppering av ungdommar.  Målet er å unngå rekruttering til 05-grupperinga av ungdommar, og førebygge ny kriminalitet, få ungdommen ut av mønsteret og til ein sunn oppvekst. I tillegg skal etterforsking av lovbrot prioriterast. Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim seier dette:

-    Operasjon Hubro er tidenes førebyggande satsing av Møre og Romsdal politidistrikt. Vi skal satse på det forebyggande arbeidet på både gruppenivå og individnivå.

Politiet er bare en liten del av det arbeidet. Det er samhandling som er nøkkelen, og aktørar som kommune, private og foreldre, samt ungdommane sjølve må bidra.  

Her er prosjektleiar Daniel Ludviksen sine råd til ein god sommar: 

Til deg som er barn og ungdom: 

  • Vis mot til å være deg sjølv og til å tørre å snakke med ein trygg vaksen om ein opplever noko som ikkej er greit. Det er ikkje å snitche, men å seie i frå.

  • Ta vare på kvarandre og bry deg. 

Til deg som er ein forelder eller ein trygg vaksen: 

  • Vit kvar ditt barn og ungdom er. 
  • Snakk med barna i kvardagen og om korleis dei har det. 
  • Snakk om bruk av internett, sett trygge rammer og lag avtale om mobilbruk, festing, alkohol og rus.
  • Søk kunnskap om det born og unge held på med. 
  • Vit kven som er i ungdomskretsen, bli kjent med dem og ver gode rollemodellar og trygge vaksne.