Onsdag 6.desember går Heimevernet med uniform på jobb.

Onsdag 6.desember har Heimevernet "Uniform på jobben"-dagen.  Dette er ei årlig markering der alle som tenestegjer i Heimevernet kan frivillig bruke uniform på arbeidsplassen, dersom dette er greit for arbeidsgivar. 

Forsvaret gjer dette for å synleggjere at Heimevernets 40 000 soldatar og befal er spredt over alle typer yrkesgrupper i landet og er ein viktig del av den lokale beredskapen.

Giske kommune støttar Heimevernet si markering og ønsker alle tilsette som tenestegjer i Heimevernet velkommen til å bære uniform på jobb onsdag 6.desember.

Meir informasjon om Uniform på jobben-dagen frå Forsvaret